Torild mellom over 50 000 fullførande i New York

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Nov 2017

Det er mest ikkje til å
tru. Tala varierer litt, men alle stader står det å lese om over 50 000 fullførande
i New York. Mellom seks og sju gonger folketalet i Sykkylven kommune! Det blir
litt skoslitasje i løpet av ein dag – hadde vel vore eit eldorado for skoseljar
Terje Aurdal der!

Vi reknar med somme har
lese på VIL facebook kva Torild skriv der. Ei hard prøve, men ho var godt nøgd
med tida. Det har ho god grunn til. Løypa er hardare enn i Roma, dama er to år
eldre, og treninga har ikkje vorte intensivert. Difor er 6.58.45 i New York i
2017, eit hakk sterkare enn 6.48 i Roma i 2015. Men for Torild var hovudmålet å
få oppleve det klimakset ei målline-kryssing etter 42 195 meter kan vere. Faktisk er
det ikkje mange i Sykkylven som har gjort det. Av VIL-medlemar truleg berre
Ivar Arne Flo, Einar Magne Fet, Njål Torillson Tyssing og Sverre Gunnar
Brunstad – i tillegg til Torild. Har VIL-Nett rett i at Torild er einaste
kvinne som har fullført heilmaraton etter asfalt/brustein….?

Vi veit sjølvsagt at Christina og Emma
Holmberg har gjort hardare «stunt», og Radka Vosicka like eins. Men enn så
lenge har Torild klubbrekorden på heilmaraton for kvinner.

Slik var passeringstidene:

10 km: 1.31.07

20 km : 3.09.28

Halvvegs: 3.20.17

30 km: 4.50.13

40 km: 6.36.03

Mål: 6.58.45 – med denne tida hadde Torild over 1000
løparar bak seg.

Geoffrey Kamworor frå
Kenya vart beste herreløpar på 2.10.53, medan det vart ein populær heimesiger
til Shalane Flanagan (2.26.53) mellom kvinnene. Tider som provar at dette ikkje
er eit lett maratonløp.