Takk til hjartegode Elsa og Svanhild !

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Nov 2017

Bilete frå velledalen.net
18. og 19. november vert
Førjulsmesse nummer 25 arrangert i Velledalen grendahus. Medlemane i VIL veit
kva dei har i vente når det gjeld levering av kaker og tombolavinstar. 30 kaker
og 500 tombolavinstar fell på VIL. Det same til saman på VRF og Velledalen
skulekorps. I tillegg skal VIL levere halvparten av vinstane på basarbøkene, og
det er her Elsa Welle og Svanhild Brunstad kjem inn i biletet.

I haust kom nemleg desse
to damene med ei gåve til Velledalen IL. Ein flott barnebunad med skjorte, som
ein eller anna heldig person kan ta med heim den 19. november.

Elsa
og Svanhild er kjende som særdeles godhjarta kvinner som hjelper til på ymse
felt. Mest kjende er dei kanskje for innsatsen for Velledalen Bedehus, men det
finst vel knapt ein organisasjon i dalen desse to ikkje har omtanke for. Også i
Velledalsseminaret var dei sentrale med iherdig kjøkkenteneste. Og sjølvsagt;
når folk kunne melde seg til frivilleg kjøkkenteneste i samband med MiniKonrad,
kven andre enn Elsa og Svanhild stod i fyrste rekkje.

Takk til Elsa og Svanhild,
to herlege pensjonistar, for storslegen gåve!

Men viktigare enn gåva, er
eigenskapen at de ser alle. Prisverdig i seg sjølv!