Snølaust i november

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2017

arkivfoto
I skrivande stund er det
1.november. Datoen som i ei årrekkje har markert startskotet for produksjonen
av juleblomar i Holmbergs gartneri. Men ikkje i 2017. No går Per-Gunnar
Holmberg og tvinnar fingrar og veit ikkje kva han skal finne på. Lønsemda i
slik produksjon er vekke, og å produsere for tap er rett og slett
meiningslaust.

Nei, då er det betre å
kome med ei vêrmelding for november.


 -  Men meldinga mi
gjeld berre i låglandet, det er Berth Wilhelmsen som skal melde vêret på
fjellet, presiserer Per-Gunnar.


 -  Og korleis vert
det i låglandet ?


 -  Dersom nokon
ventar på snø må eg skuffe dei. I lågare strok vert det heilt og fullt fritt
for snømåking i november.


 -  Og julevêret?


 -  Det tek eg
seinare.

Vi kjem til å sakne
desember-ljoset frå Holmbergs gartneri. Juleblomane også. Nok eit prov på at
verda ikkje går i rett lei på alle felt.