Nærbutikk-Henning spring Skåla Opp i 2018

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2017

Skåla Opp i Nordfjord er
kanskje det mest populære motbakkeløpet i landet. Det plar ikkje gå mange
dagane etter påmeldings-slepp før det er fullteikna. Mange hamnar på venteliste
og lever i uvissa om det vert deltaking.

Ein av dei som var tidleg
ute med påmeldinga var Nærbutikk-sjef i Velledalen, Henning Tandstad. Og målet
for løpet i 2018 er klart.


 -  I 2017 var eg
debutant i løpet. Likevel hadde eg krefter att mot slutten og kom i mål på litt
over to timar. Eit naturleg mål for 2018 vil vere ei tid UNDER to timar.


 -  Og eg har meldt
med på for Velledalen IL, sjølv om eg ikkje har betalt kontingent enno, fortel
han under Team Bøe sitt kaffi-drøs i kafe-avdelinga onsdag føremiddag.

Og det set heilt sikkert Velledalen
IL pris på. Unge menn på Henning Tandstad sin alder er nemleg mangelvare i
laget.