Alf Petter Bøe flittigast på Høgsætra
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Okt 2017
arkivfoto
Alf Petter Bøe med opphav
i Bøfjorden har hatt ein god sesong på alle frontar. Skulle fyrst ein normøring
vinne ein trimpost, var det inga bombe at det nettopp vart Alf Petter. Mannen
som konkurrerer flittig for Rindal IL, er friidrettsleiar i Velledalen IL og
har si eiga treningsgruppe, Team Bøe. Ei gruppering som er gode på jogging,
drøs og kaffidrikking i Nærbutikken, men som elles lever etter generalsekretær
i legeforeininga, Geir Riise, sitt postulat: «Du kan ikkje drikke deg til sunn
helse!»
Men aller størst framgang har herr Bøe hatt
på O-fronten, der han ikkje har sprunge seg bort ein einaste gong i 2017. Det
er både han og damene i O-gruppa stolte av.
Her er stoda på trimposten HØGSÆTRA i 2017:
25 turar: Alf Petter Bøe
10 turar: Geir Olav
Drabløs
7 turar: Per Svein Fet
5 turar: Anita Nakken
3 turar: Pernille Lervåg
Høgsætra sist fem sesongar:
2017: 128
2016: 104
2015: 119
2014: 144
2013: 185
Ikkje avskrekkande høge
tal, men det skal seiast at turen er bratt. Så bratt at folk med slarkete kne
bør finne seg andre turmål.
Postplassering 2017:
13: Høgsætra – 128 noteringar
(Alf Petter Bøe)
14: Holetindane – 121 noteringar
(Nils Terje Skylstad)
Så får lesarane våre vente i uvissa om kva post
som tok 12.plassen.