Æresmedlem med overstått gullbryllaup
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Okt 2017
I fylgje Sykkylvsbladet
stod Johan S Grebstad brudgom 28.oktober 1967. Bruda reiste han ikkje langt for
å hente, berre ein svipptur nedom Brauta. Han fann den utkåra, Annlaug, i
Bøtel-garden. Ei strekning så kort at den greitt kunne leggjast bak seg til
fots – uansett vêr og vind.
På denne tida var mannen
med kallenamnet «Bolla», best kjend som sideback (av og til stoppar) på VRF. I
tillegg har han hatt ei rad ulike verv i Velledalen IL. Men kanskje mest kjend
totalt sett, er han for innsatsen på Dalemyra gjennom mange tiår. Enkelte år
faktisk i tospann med bor til bruda, på folkemunne, «Bøtel-Per».
Bruda er heller ikkje
heilt ukjend i Velledalen IL, med minst eit par år i hovudstyret bak seg kring
1980. Ho er elles av hesteskokastar-ætt, og er såleis ein av attraksjonane som
vert vist i Oddgeir Bruaset sin hesteskokastar-film frå 1982.
50 års ekteskap er langt
frå ei sjølvfylgje i våre dagar. I einskilde miljø vert det rekna som bort i
mot uoppnåeleg. Difor er det på sin plass med STOR GRATULASJON til
gullbrudeparet Annlaug og Johan S Grebstad frå Velledalen IL.
Vi har hekta på eit lite
Idrettsminne frå indre fjordstrok, som fortel litt om Bolla sine banemeister-gen. Les det Her