Hytteplanmila: Njål såg 34-talet – fleire sterke VIL-tider.
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Okt 2017
arkivfoto
Hytteplanmila har gjennom
åra vunne seg eit godt rykte. Mange vil dit, til ei løype som har fått ord på
seg som «lettsprunga». Men den er kontrollmålt til 10 km, så alt er på stell.
Slik gjekk det med våre:
NJÅL TORILLSON TYSSING
15.plass i klasse 35-39 år
– nummer 123 av 1397 startande menn
Tid: 34.57 – 17.27 på
fyrste 5-ar, 17.30 på andre. Jamn som ei klokke.
Njål hadde tidleg blinka
seg ut dette løpet med ei tid på 34-talet som mål. Det heldt akkurat
ANDERS WIGDAHL
131.plass i klasse 23-34
år
Tid: 37.56 – 18.50 på
fyrste 5-ar, 19.06 på den andre
Gjekk fire sekund under
eige mål som var 38 minutt. Spring Bygdøy-mila i dag i ein tøff
treningsperiode.
HILDE TANDSTAD
77.plass i klasse 23-34 år
– nummer 209 av 819 startande kvinner
Tid: 46.17 – fyrste 5-ar
på 21.59. Då lag alt til rette for ei tid på lavt 44-tal for Hilde som ikkje er
kjend for å sprengopne. Men eit ukjend «problem» melde seg og gjorde at andre
5-ar vart tung. Hilde kjem sterkt tilbake ganske så snart, håper vi.
ELLEN MARIE HOLE
48.plass i klasse 23-34 år
– nummer 125 av 819 startande kvinner
Tid: 44.02 – fyrste 5-ar
på 22.16, andre på 21.46. Gjorde come back etter ein tung periode med mangel på
vitaminer, jern og blod. Overraska positivt og er tydeleg tilbake i godt slag.
Sprang siste 5-ar 30 sekund raskare enn den fyrste
Bestetida i løpet hadde
Okubamichael Fissehatsion, Tjalve IK, på 29.03, medan Karoline Bjerkeli Grøvdal
gjorde 31.25 som beste kvinne.
PS.
Vi
reknar med det kjem rapport i ei eller anna form frå nokon av deltakarane.
Uansett, fire flotte representantar for Velledalen IL.