Kampen om NM-bronsen i Vik

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Okt 2017

arkivfoto
Alf Petter Bøe fekk smaken
på NM terrengløp på heimebane i Rindal i 2016. Då vart det ikkje medalje i 45-49
år. I år hadde han rykt opp som yngste årsklasse i klasse 50-54 år. Håpet om
medalje levde då han reiste til Vik i Sogn og vart innlosjert hos Morten og
Ragnhild.

Distansen i Vik for Alf
Petter sin del var 6000 meter. Svein Glomnes og Bjørn Harald Bongom viste seg
snøgt i sterkaste laget, men bronsehåpet levde. Kampen stod mellom AP, Kjell
Erling Mundal (Fjærland IL) og Arvid Brudevoll (veit ikkje om karen som
representerer Vik IL har noko med Brøvoll å gjere).

Løpet vart gjennomført med
tre rundar i ei løype på to kilometer.
 Etter to kilometer var Alf
Petter nummer fem, knappe 20 sekund bak tredjeplassen. Ved fyrste mellomtid på
andre runde (ganske nøyaktig halve distansen) hadde avstanden auka til 23
sekund til Brudevoll og 20 sekund til Mundal. Håpet om medalje var i ferd med å
ebbe ut….

SNUDDE.
  Men
herifrå og inn til mål vart løpet ei solskinshistorie for friidrettsleiaren
vår. På neste mellomtid, berre nokre hundre meter seinare, var avstanden til
bronse kutta ned til 17 sekund. Ved passering to rundar var han enno nærare.
Brudevoll frå Vik IL slokna, men Mundal frå Fjærland var seig. Men 200 meter
før mål sette Alf Petter inn angrepet. «Motoren» vart rusa opp til
brestepunktet, så sjalta AP ned, blinka ut og gjekk forbi. Inn mot mål heldt
han flat pedal heile vegen – i frykt for at sogningane kunne kome tilbake.
Frykta var grunnlaus – sjå resultata!

NM TERRENGLØP VIK I SOGN LAURDAG 14. OKTOBER

MENN 50-54 ÅR (6 km):


 1.
  

 Svein Glomnes, FIK Aks-77, 21.24 (har bror i Valldal)


 2.
  


 Bjørn Harald Bongom, Varegg Friidrett, 22.44


 3.
  

 Alf Petter Bøe, Rindal IL, 23.59


 4.
  


 Kjell Erling Mundal, Fjærland IL, 24.07


 5.
  


 Arvid Brudevoll, Vik IL, 24.26

PS: Klasse 60-64 år vart
vunne på 27.36. Det hadde du stiva Nils Terje Skylstad! Og klasse 45-49 år
hadde berre ein deltakar, vinnartid 40.53 på 10 km. Gjekk du glipp av eit
NM-gull her, Per Inge…?