Alf Petter spring NM i Sogn

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Okt 2017

Alf Petter Bøe vert med dette andre VIL-medlem med NM-deltaking denne sesongen. Som dei fleste hugsar var Pernille Ibsen Lervåg nær finaleplass i O-NM tidlegare denne hausten. Alf Petter spring i klasse 50-54 år denne gongen. Då han deltok i tilsvarande NM i Rindal i fjor, var han siste års 45-49 år. Då vart det 4.plass på Alf Petter. Laurdag kryssar vi fingrar for ein NM-medalje. Han kan greie det, og resultata vil kome på nettsida.

Vik i Sogn er bustadkommunen til Morten Holmberg, oppflaska på Brøvoll i Velledalen. Både han – og ikkje minst «kona» Ragnhild Fjærestad – har nok fleire fingrar med i arrangementet. Dette er nemleg eit stort arrangement med klassar frå 15 år opp til dei høgaste veteranklassane. Diverre er deltakinga lita frå «fiffen» på Austlandet. Små bygder som Vik er ikkje lett å finne fram til for store klubbar som BUL, Tjalve og Vidar – for å nemne nokre av dei «feitaste». Det er trass alt ikkje orientering det dreier seg om denne gongen. Men Alf Petter er der, han er komen vel fram og har inspisert løypa. Og meldinga tilbake til gamleleiaren i VIL - som har sitt moderlege opphav nettopp frå Vik i Sogn – lyder som fylgjer:
 -  Har vært og tatt et overblikk sammen med Morten. Vil skille ja, bratt motbakke på et jorde for eksempel.
Der skulle du ha vøri du også, Per Inge Bjørnestad!!

Lukke til Alf Petter!
Og like eins til arrangørane Henrik Johan, Morten og Ragnhild!
Dette blir stas!