Internasjonal hjelp i Ramstaddalsløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Okt 2017
Diverre er det slik at få
melder seg på av eiga maskin til gruppeleiarane Svein Arne Nakken og Alf Petter
Bøe for deltaking i Ramstaddalsløpet. Særleg velledalingane var bleike denne
gongen. Men avviklinga gjekk likevel greitt, denne gongen takka vere hjelp frå
nasjonar som Danmark, Tsjekkia og Slovakia.
Dansken Stanny Pedersen utmerka
seg som ein av heller få som stilte i shorts på ein små- kald dag. Frå same
nasjon deltok Kitte Kaas Ibsen. Henne ser de på biletet, i det ho får pinnen av
May Lisbeth Aurdal. Ho er for øvrig kona til mannen som har ordførar-rekorden i
Konradløpet, og Jan Kåre tok sporty ein etappe også i årets Ramstaddalsløp.
Etappen frå grensa mellom
Lade og Drotninghaug, til skitrekket i Ladalen, vart sprunge av Radka Vosicka
(Tsjekkia) og Jan Rakottyai (Slovakia). To av Velledalen IL sine ivrigaste
utøvarar, som dagen før gjorde sine saker godt under Østremssetra Opp på Emblem.
I Ladalen leverte Radka pinnen vidare til Iben Olin Lervåg. Ho var saman med
Knut Klokk yngst på laget denne gongen med sine to år.
Som ein skjønar, i Ramstaddalsløpet har vi
plass til ALLE!