Odd-Kåre har passert 75 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Sep 2017
Odd-Kåre har «grifla» med
mangt i mykje i livet, men her skal vi berre ta føre oss det sportsleg, og det
som i hovudsak er knytt til Velledalen IL.
Men vi kjem ikkje unna
fotballen. Det var her Odd-Kåre brukte sine beste år på ei aktiv karriere. Som høgreback
på VRF. Gul trøye med eit 2-tal på ei brei ryggtavle. Med motto om at ein
skulle setje seg i respekt i fyrste taklinga. Då hadde ein taket på
motstandaren, meinte mannen som var elska av heimepublikum, men hata av
motstandaren. På 1970-talet fanst det ikkje betre sundagstidtrøyte for vaksne
menn enn kamp mellom VRF og Sykkylven IL. Der Odd-Kåre Fet spela høgreback for
VRF og Arnold Lyshol venstreback for SIL. Då møttest dei to herrane til «treffningar»
om lag ved midtstreken. Fleire gonger i løpet av ein kamp. Vi seier ikkje anna
enn at begge dei to nemnde herrane blødde for drakta
Odd-Kåre er i dag medlem i
friidrettsgruppa i Velledalen IL, og han representerer VIL i Sykkylven
Idrettsråd. Saman med Marit Hole har Odd-Kåre dei siste åra vore ansvarlege for
premieinnsamlinga til Konradløpet. Ein stor jobb, og som alle har sett; det
vantar ingen verdens ting.
Anten det gjeld Idrettsmerkeprøver,
Konradløpet eller turar til skogsvegen Fet; Odd Kåre er stabil og uthaldande.
Høyr berre her:
·
Han har 16
deltakingar av 16 moglege i Konradløpet. Han har såleis alle utmerkingar dette
løpet kan gi han, også Konradmedaljen i gull.
·
Han tek dette
året idrettsmerke for 49 gong. Berre Paul Hole og ikkje ukjende Grete Fet har
passert 50. Går alt etter planen vert Odd-Kåre og Grete einaste ekteparet der
begge har passert 50 positive prøver i 2018.
·
Han går årleg
over 300 turar til trimposten i skogsvegen Fet. Kvart år kjempar han i toppen,
men som regel dreg kona det lengste strået. Her mistenkjer vi Odd-Kåre for å
vere «gentleman».
Nemnast må det også at
Odd-Kåre er ein av dei som mobiliserer mange deltakarar til stafett-dugnaden
Ramstaddalsløpet.
Ein slitar - i ordets
rette forstand - fyller 75 år.
Det fell heilt naturleg at
Velledalen IL er mellom gratulantane
Godt blese hittil,
Odd-Kåre, og måtte du ha mange gilde år i vente!
For Velledalen IL
Atle Hole