Sette farge på Torvikbukt Rundt

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Sep 2017

arkivfoto
I går melde vi om tre
VIL-medlemar til start i Torvikbukt Rundt, men det skulle vise seg å bli fire.
Slik gjekk det for våre i det 13,5 km lange løpet.

Espen Strøm Grebstad, klasse 17-20 år:

Espen hadde store ting på
gang i dette løpet. Han låg langt framme i feltet, også føre friidrettsleiar
Bøe, då han fekk så sterkt hald at han måtte slutte springe. Utruleg nok kom
han seg til mål etter ei lang gå-økt, som vinnar, på tida 59.58.


 -  Espen ville heilt
sikkert vore inne på 53-talet utan dette uhellet, så Alf Petter etter løpet.

Jan Rakkottyai, mosjonsklasse med tidtaking:

Jan Rakkottyai er for tida
Velledalen IL sin mest konkurranseglade utøvar. Etter eit godt gjennomførtløp
løp vart Jan nummer fire av 30 startande i klassa. Han er framleis betre der
det går oppover, men gjer framgang også i dei lettare partia. Jan sprang sine
13,5 km i ei hard løype på 1.05.06. I dag spring han på Sæbø (Det gjer også
Radka)

Alf Petter Bøe, klasse 50-59 år:

Alf Petter leverte eit
sprekt løp. Den ferske 50-åringen vart 6.beste løpar totalt og overlegen vinnar
i klasse 50-59 år. Han hadde seks minutt og ti sekund bak til andremann,
Per-Øyvind Torvik, IL Varden. Tida vart fine 54.24, så dette lovar godt føre NM
i terrengløp i Vik i Sogn i oktober.

Olaf Einar Øien, klasse 70+:

Sidan både Alf Petter og
Espen drog inn 300 kroner i premiepengar, var det kjekt at superveteranen vår
ikkje var stort ringare. Det vart 2.plass på Olaf, etter å ha kryssa mållina i
Gjemneshallen på 1.22.59. Prispengane lydde på 200 kroner. VIL er stolte av å ha
utøvarar som Olaf(74) i sine sportslege rekkjer.

Vi trur dei fire karane
hadde ein gild tur og opplevingar som kjem på plussida, sjølv om Espen var
uheldig denne gongen. For ordens skuld nemner vi at bestetida i Torvikbukt
laurdag var 49.31 (Truls Torvik IL Varden). Nest best vart Kristian Nedregård
frå Spjelkavik på 52.26.