Velledaling til futsal-EM i Spania.
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Sep 2017
Det må vel omtalast som
sensasjonelt at ein velledaling slepp til i eit slikt meisterskap. Årsaka er
som fylgjer:
IFS Norge har ikkje
kvinnelandslag i denne greina av fotballen. Difor oppmoda dei interesserte
klubbar om å søkje. Det gjorde OSI, og fekk plassen. Dermed vert det tur til
Spania, og futsal - EM i perioden 5. – 9.desember.
- Sidan Noreg ikkje
har økonomi til å satse på futsal – kvinner, må vi dekkje alle utgifter sjølve.
Reise, opphald, speledrakter og alt som er. Difor er vi på leit etter høvelege sponsorar,
fortel Ellen Marie Hole.
- Vi håper å hanke
inn nok midlar til å kunne kjøpe eigne landslagsdrakter, trykke på namn,
trøyenummer og sponsorar, og behalde speletrøyene som eit minne.
Troppen er ikkje heilt
spikra enno. Difor har laget hatt opne treningar, noko som resultert i
forsterkningar. Elles er det eit problem med innandørs halltid i Oslo på same
måten som andre stadar.
- Vi har vore
heldige og fram mot EM fått pressa inn ei ekstra treningsøkt i ein liten gymsal
ved menigheitsfakultetet, sidan ein av spelarane er student der, seier Ellen.
Ho trur det fort gjort kan
bli ein del sportsleg juling for Oslostudentane i Spania, men like fullt eit
minne for livet.
VIL-Nett «kjøper» den, og ynskjer lukke til
med førebuingane. Her gjeld det å halde seg skadefri!