Referat frå Njål Torillson Tyssing.

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Sep 2017

Oslo Maraton er utvilsomt eitt av dei få høgdepunkta med å å
bu i Oslo. Saman med Gardermoen Flyplass og god tilgang på solrike dagar. Nok
om dei to sistnevnte og litt meir om førstnevnte. Fritt etter
hukommelsen foregjekk min dag om lag som følger.

09.12 står eg på Smestad T-banestasjon. Starten for Oslo
Maraton går 09.25. Panikken burde nok tatt meg her, men grunna svært låge
forventningar til meg sjølv, så tenkte eg ikkje noko særskild over dette. Ti
minutt seinare er eg rett ved start, nokså dårleg oppvarma men med ei
plutseleg ståltru på meg sjølv. Eg la meg difor rett i rygg på
fartsholdaren for tre timar og haldt følge med han og ei svær gruppe
overambisiøse mannfolk i om lag 15 km.

Motet tok no overhand, så det var berre å gje gass oppover mot
St. Hanshaugen. Løypa som på førehand blei beskreve som litt tøff opplevdes
foreløpig som nokså overkommeleg. Men klok av skade frå Stranda Fjord Trail
Race var eg ikkje blitt, så eg valgte difor å henge meg på ei gruppe med
skrinne mannfolk på runde 2. For den interesserte lesar så gjekk 1. runde på ca
1.28.14. Målet om løpstid på under tre timar levde enno!

Nytt av året er mykje og mangt, men for min del så er den
viktigaste innovasjonen på maratonfronten at eg spring med energi-gel som
energikjelde gjennom nesten heile løpet. Dette gjorde at eg ikkje sprakk
som vanleg, og eg kunne difor jogge nokså uanstrengt mot Zombie Hill
(St.Hanshaugen). Bakken blei nokså tøff, men bakken ned igjen til mål blei enno
tøffare. Eg fekk ikkje oppleve tøysete lår som på Stranda, men fekk i alle fall
kjenne litt på smerte, vrede og tiltakande delirium. Heldigvis kom eg meg i mål
før ting utarta seg, og kunne nøgd innsjå at eg persa med eitt minutt. Sluttid
på 2.56.50.

Neste mål er Hytteplanmila 21. oktober. Denne gong med
ambisjonar om sjå 34-talet og ete ei rikeleg mengde med muffinsar som blir
servert i mål på dette flotte arrangementet ved Hønefoss.