Stor idrettshelg i Sykkylven og Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Sep 2017
OSLO:
I dag vert
det som før heitte Oslo Maraton arrangert i hovudstaden. Med ei rekkje ulike
løpsvariantar der dei viktigaste er:
·
Maraton (42 195
meter) – der vi reknar med at Njål Torillson Tyssing er mellom deltakarane.
·
Halvmaraton (21 095
meter). Her veit vi Svein Arne Nakken, Fridtjof Fredriksen og Frode Hoprekstad
stiller. Rykte seier at nokre av «knektane» i toppleiinga i ei viss
møbelverksemd her i bygda er mellom dei startande
·
10 for Grete (10 000
meter). Her vert VIL representert med Anders Wigdahl.
Vi er interesserte i
resultat frå alle springande sykkylvingar og gjerne frå nabokommuna Stranda. Så
meld inn resultat og send foto – atlehole@online.no.
SYKKYLVEN:
Laurdag
16.september arrangerer Møre og Romsdal O-krets samling med base på Fjellsætra.
Her vert det trening og sosialt samver. I alle høve èi av treningane vil gå
etter det nye kartet i området Svartevatnet.
Avslutningsdagen vert «Haustsprinten»
arrangert etter sentrumskartet.
Sist VIL-Nett
sjekka hadde løpet kring 50 deltakarar, der meir enn 20 av desse representerte
Velledalen IL. Her er det alt frå «Råtass-løype» til 3,2 kilometer som det
lengste.
Nettsida kjem med resultat
både frå Oslo og O-løpet i heimbygda i løpet av helga.