O-NM: Pernille mangla 8 sekund på finale.
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Sep 2017
arkivfoto
Fredag vart det sprunge
tre kvalifiseringsheat under O-NM i Halden. Kring 80 kvinner var påmelde, der dei
36 beste – 12 frå kvart heat – gjekk til dagens finale. Pernille mangla ÅTTE
SEKUND. Men desse fattige sekunda ville gitt O-leiaren i VIL eit problem:
Ho hadde nemleg tinga fly
oppatt til Sunnmøre i dag, samstundes som finalen skulle springast. Det fortel
oss at Pernille gjorde det i overkant godt. I alle fall betre enn eigne
forventningar.
Pernille melde etter løpet
at ho hadde vore svært nervøs før løpet, men samstundes motivert og maksimalt
konsentrert. Det gjorde susen, og ho leverte sin klart beste sportslege
prestasjon så langt i VIL-trøya.
Strekktidene mellom
postane viser at ho har kome gjennom løypa UTAN det vi kan kalle bommar. Ho var
fjerde best på siste strekket og 16.best, som dårlegaste prestasjon, på det
nest siste.
Heatvinnar i Pernille sitt
heat vart Anne Marie Hausken Nordberg, ein utøvar som i løpet av karrieren har
vassa i nasjonale- og internasjonale titlar. Elles er det verdt å merke seg at
fem av dei som slo vår utøvar, representerte arrangørklubben, Halden SK.
1.
Anne M Hausken Nordberg, Nydalen SK, 22.03
12. Jo Shepherd, Halden
SK, 28.47
14. Pernille Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 28.55
Ei flott oppmuntring for store og små i det lokale
o-miljøet, og ei styrking av eit framtidig mål om å stille stafettlag for
kvinner i eit komande NM. Kanskje alt neste år.
O-gruppa greier det meste!