Harald Relling: 90 år, men livsgnist som ein tenåring.

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2017

Bur ein i Sykkylven er
Konradløpet overkomeleg. Ein kan velte seg or senga litt før 04.30, og åle seg
inn i løpsantrekket som ligg og ventar like ved . Deretter hiver ein seg i
bilen og rekk eit glimt av Bjørg Frøystad Hole i tilhengaren, og dermed
starten, med god margin – vel å merke om ein har henta startnummeret kvelden
før.

Då er det verre for Harald
Relling. Han bur i Langevåg, der han har funne ei trygg hamn. Fjord 1 har
nemleg bestemt at ferga som må takast frå Magerholm for å nå Konradløpet i Velledalen 1.mai, ja, den går klokka 03.20.
Inga bønn. Tek ein neste ferje kjem ein for seint. Bur ein i Langevåg som Harald, må ein opp seinast
02.00. Og er ein i tillegg i 80-åra, skjønar alle at her er det lett gjort å «droppe»
ut.

I 2017 var han på plass på
Brunstad for 10.gong:


 -  Sjå her, nye
løpssko og lettare bekledning. Utstyrsmessig har eg knappast nokon gong stilt
så skarpskodd i Konradløpet, var orda han møtte meg med – i ein alder av 89 år.

Av og til «trumfar»
konkurranse-innstinktet alderen, tenkte eg då eg såg at Harald Relling stod i
fremste line på startstreken då skotet small. Side om side med dei som ville
kjempe om sigeren. Farta i løypa var upåklageleg, og humøret på topp då han
entra scena saman med dei andre deltakarane over 80 år. Lett og fin i kropp og
steg.

Hittil har berre Tomas
Tandstad delteke i Konradløpet etter passerte 90 år. Neste år kan talet fort
gjort vere tre. Harald Relling passerer 90 i dag, og er velkomen tilbake. I
tillegg vil Kjellaug Ulset ha passert 90 neste gong. Ho har ikkje skofta eit
einaste Konradløp.

Men i dag er det Harald
Olav Relling vi hyller. 10 Konradløp med bustad Langevåg og 90 år i dag. Jaudå,
dette hadde Konrad Brunstad likt, og han vil truleg ha sagt:


 -  Du ser de på nå at han he bykts langt over seks meter
i lengdehøpp!

Ja, Harald var ein dyktig
idrettsmann i sine yngre år. I fleire idrettar til og med. Men altfor ofte vert
«Alderdomsheltane» feia under teppet og gløymde. Ikkje ein gong nemnde. Men
arrangørane av Konradløpet veit å setje pris på karar som Harald Olav Relling.
Det gjer vi

med eit rungande GRATULERER!!

Måtte fleire av oss
oppleve å vere like vitale som 90-åringar!

Atle Jomar Hole