Refleksjonar etter KKmila, eit knallrosa kvinneløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2017
Eg hadde i grunn ikkje særleg lyst til å springe, men med god
hjelp av VIL-venn og romkamerat Hedda Hjortdal klarte eg å overtyde meg sjølv om at dette var ein fin
dag for å pine i gong hausttreninga. Etter ei kjapp vurdering av eiga form,
konkluderte eg med at halve distansen var rikeleg, noko som viste seg å vere ei
god vurdering.
På startstreken stilte eg meg beskjedent opp i front, side om
side med Ingeborg Løvnes, OL-deltakar på
3000 meter hinder i fjor. Ho susa frå resten av feltet allereie inne på
stadion, som seg hør og bør for ein olympisk atlet i konkurranse med
mosjonistar. Vinnartida vart 18.40. Sjølv kava eg meg inn til 12. plass på
22.33, etter å ha gått på ein smell som følgje av ei innmari frisk opning, der
eg passerte på 7. plass halvvegs i løpet. Men det er ikkje min sportslege,
middelmådige prestasjon eg vil skrive om. Det var nemleg andre tankar som
kvervla i hovudet mitt denne laurdagen.
For kva er det som gjer at tusenvis av damer stimlar til
KKmila og andre liknande arrangement, t.d. iForm-løpet, Jentebølgen og
Femi-RUN, medan ein berre kan drøyme om like stor kvinnedeltaking i andre løp?
Same tendensen ser ein på heimlege trakter (sjølvsagt i mindre skala);
Jentebølgen har ei massiv deltaking, medan kvinnelege løparar er sterkt
underrepresenterte på lokale løp som Ålesund Sommerkarusell, Rotevatnet rundt
etc.
Mykje av svaret ligg nok i marknadsføringa og profilen til
dei sokalla «jenteløpa». Ei mjukare
tilnærming til deltakarane ser ut til å trekkje til seg damer med enorm
variasjon i fysisk form. Det sportslege vert dempa og dyssa ned. Eit klikk
innom heimesida til KKmila tydar på at goodiebags, champagnekupongar og
underhaldning veg tyngre enn tidsbruk og prestasjon. Det som møtte meg på
Bislett var knallrosa selfieveggar, skilting til champagnebaren, glitter og
glam. Og ei rekkje med lyserosa Hibas-toalett. Inne på stadion vrimla det av
rosa t-skjorter. Ikkje noko gale med
fargen rosa i seg sjølv, men eg synest det er rart at eit sopass glitrande og
usportsleg fokus skal vere nødvendig for at løping skal appellere til damer.
Dette gjeld sjølvsagt ikkje alle, då eg kjenner drøssevis av beintøffe damer
som let seg motivere av heilt andre faktorar. Eg er likevel rimeleg sikker på
at goodiebags og det sosiale aspektet må ha lokka til seg ein stor del av den
kvinnelege hærskaren på Bislett denne laurdagen.
Det var noko påtatt og fjollete over KKmila som gjorde at eg
kjende meg litt distansert til heile opplegget. Kanskje kan ein ikkje vente
anna når Kvinner og Klær står som arrangør, og kanskje ber eg preg av å ha vore
aktiv i eit friidrettsmiljø fritt for jåleri og prinsessefakter. Det er sikkert
i beste meining at kvinner får sine eigne løp, men denne knallrosa
framstillinga av jenter høyrer vel til ei anna tid? Eller kanskje er det
nettopp dette som skal til for at fleire kvinner skal oppdage gleda ved løping?
Kva veit vel eg. For meg var det i alle fall noko som skurra, men dei fleste
damene såg ut til å kose seg med champagne i sola etter den fysiske utskeiinga.
Og eg fekk noko å gruble på.
Som avrunding på eit litt surmaga innlegg vil eg dele ei artig
historie. Etter målgong fekk eg nemleg kjeft av Steinar Hoen, tidlegare
medaljegrossist i høgdehopp. Han skulda meg for å snike i goodiebag-køa(!),
noko som sjølvsagt ikkje var tilsikta. Småironisk, ettersom eg var mellom dei
som hovudsakleg kom for å springe, og ikkje for å få intimsåper, hudkrem og
KK-magasin. Kva Hoen gjorde på KK-mila skal eg forresten ikkje blande meg i.
Neste mål er Hytteplanmila
21. oktober.
Rykta seier at fleire Oslobaserte VIL-løparar stiller til
start. Hytteplanmila lokkar med nysteikte bollar etter målgong, og det kan eg
leve med.