O-gruppa med vellukka treningskveld

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2017

Kvelden hadde ein klar
sosial profil. O-løp for store og små i ulike løyper, og kveldsmat i ulike
variantar som dei frammøtte sjølve hadde med. Mannfolka som sprang vaksenløypa
hadde ein intern konkurranse, og her vart det sekundstrid. Det skilde eitt
fattig sekund i favør Per Magne Drotninghaug i kampen mot Bernt Are Lervåg - nærare dødt løp kjem ein knapt!

O-kart mannen vår, Gunnar
Gytri frå Førde, deltok og. Som den røynde o-løparen han er, sette han «ungdomen» på plass i ein alder av
kring 60 år. Og etterpå vanka det ros til løypesettaren, som var ingen ringare
enn leiaren av O-gruppa.

Onsdag i neste veke vert
det ny treningskveld. Men ikkje på Myrdalen som tidlegare tillyst, av omsyn til
hjortejakta som startar 1. september. Tid og stad vil verte annonsert på
nettsida.