Sjarmerande sandtak og tøysete lår

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Aug 2017

Eg
og to fotballkompisar frå studietida i Bergen bestemte i vinter at årets
samling skulle vere det rolege og idylliske Stranda Fjord Trail Race 2017. Som
menn flest i 30-åra er sjølvinnsikta mi nokså begrensa, så eg tenkte dette
måtte vere greitt gjennomførtbart med Oslo-basert trening. So feil kan ein ta.
Meir om dette seinare.

Eg
og nevnte to kompisar bosatt i henholdsvis Fauske ved Bodø og Trondheim, stilte
optimistisk ved start ved eit sjarmerande grustak tidleg laurdag morgon.
Angiveleg var det ca 500 påmelde, men eit kjapt estimat tilsa at i alle fall 20
% av desse hadde prioritert annerleis denne regntunge morgonen. Vi trøysta oss
med at veret sikkert letta snart, noko som skulle vise seg å vere ei særs naiv
innstilling.


startskotet gjekk var det berre å komme seg av garde. Både fordi det
var einaste måten å halde varmen på, men også fordi bagasjen hadde blitt
sendt til Roalden. Det var difor meir praktisk å gjennomføre løpet enn å bryte,
noko som var den einaste motivasjonen nokre timar seinare med sure lår og
gjennomvåte klede.

Løypa
går angiveleg i eit flott område med bra utsikt fram til Blåhorna. Dette kan eg
verken stadfeste eller avkrefte sidan tåka gjorde det komplett umogleg å sjå so
mykje anna enn løypemarkeringa. Vel framme ved Blåhornet runda vi varden og sat
kursen mot Stranda sentrum som "berre" låg 15 km med myr føre oss.
Gjennom myra var livet tungt og vått. Men ei enorm optimistiske opning på rundt
25. plass gjorde det til at motet var nokså ok. Vel nede
i Stranda sentrum kjendes kroppen fin, men låra var
nokså tøysete. Dei gav blant anna ein litt merkeleg respons då
eg starta på første stigninga mot Roalden (fjellet, ikkje den tidlegare cafeen
på Aure).

Fram
til Mona Stadion gjekk det eigentleg nokså greitt med både meg og dei tøysete
låra mine. Tok til og med igjen tre stykker. Men for ein som aldri har tatt ein
trepoengar mot Stranda, så tenkte eg at no kjem vel ironisk nok smellen. Og
ganske riktig, rett oppe i første stigninga etter byggefeltet stod
VIL sine to utsendte, Atle og Alf, og det var vel knappast to min etter eg
passerte desse, så var det tomt for krefter, fornuft og ork. Heile kroppen tok
seg ei fysisk og mental pause. Metrane vart blytunge og eg såg bekmørkt på
tanken på at det var nesten 1000 høgdemeter igjen.
 Heldigvis det no ekstremt upraktisk å bryte så
det var berre å komme seg til topps.

Oppover
kneikene tenkte eg på mykje og ingenting samtidig. Difor kom mål nokså overraskande
på meg. Men aldri har eg vore so glad for å kunne sette meg ned og ete smør med
litt brødskive på. Litt seinare kom dei to andre kameratane mine, begge særs
glade for å komme seg i mål i live.

Kort
oppsummert så trur eg ei litt for hard opning og litt for lite drikke undervegs
gjorde turen opp til Roalden til eit voldsomt slit. Men utover å klage og syte
på egne vegne, så vil eg gje honnør til arrangør og øvrige deltakarar. Ei flott
oppleving til tross for litt lite mengdetrening. Neste mål er Oslo Maraton om
3,5 veker. Det skal bli fint å gje seg i mål etter forhåpentlegvis 2 timar
og 59 minutt (evig optimist).



mvh



Njål