Stranda Fjord Trail Race: Fantastisk VIL-innsats
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2017
Tredje utgåva av Stranda
Fjord Trail Race vart ei kraftprøve. Store mengder regn i morgontimane gjorde
forholda vanskelege. Kring 500 var påmelde til den tøffaste versjonen på 33 km
med 3000 høgdemeter stigning. 82 kvinner og 216 menn fullførte, så fråfallet må
omtalast som betydeleg.
Og vi berre nemner det;
Kjell Magnar Berli si tid frå 2016, hadde halde til tredjeplass i 2017
Vi opnar med å gratulerer Radka Vosicka
med ein fantastisk flott 11. plass av 82 fullførande kvinner,
med slutt-tida 6.10.33! På dei fire meldestasjonane hadde Radka plasseringane
12-14-12-11. Og det er verdt å merke seg at ho hadde 9. beste splitt-tid på det
hardaste strekket; frå Mona stadion til mål.
Jan Rakottyai dreiv før med bilsport
og var komfortabel med det. Men så fekk han smaken på
fysisk trening. Kiloa rann av, og han debuterte som konkurranseløpar i
Konradløpet 1.mai. Framgangen har vore enorm. 88.plass av 216 herrar i dette
tøffe løpet er fantastisk levert, og passeringane på dei fire meldepostane like
eins 111 – 96 – 96 – 88. Framgang heile vegen, og slutt-tida vart 6.34.16.
Den siste som representerte Velledalen IL/KPMG PULS
var Njål Torillson Tyssing.
Mannen
som har maraton-pers på 2.50-talet. Njål fekk erfare at dette var verre enn ein
maraton, men 38.plass av 216 mannfolk er sjølvsagt glimrande. Njål fekk det
tøft mot slutten etter at han var heilt oppe på 22.plass ved Mona stadion.
Løpsutviklinga plasseringsmessig for Njål var: 29 – 27 -22 – 38.
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe stod ute i løypa
og såg ved sjølvsyn skitne og slitne løparar passere.
Han han var mektig imponert over Velledalen IL sine tre utøvarar:
- Dette var flotte
sportslege prestasjonar av alle tre, verdige ein pris for 2017 når vi kjem til
kvelden for den årlege Idrettsgallaen.
Fleire lokale resultat vil
kome seinare.