Bravo Sonja!

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2017

Kondis Møre og Romsdal er
flinke. Her finn ein resultat frå det meste som rører seg av kondisjonsidrett,
og fotografi av både den eine og andre.

Klauva Opp vart vunne av
stortalentet Iver Synstnes Hole frå Åndalsnes IF. Han er berre 13 år, men
beinhard. Tida 37.48 indikerer det. Svenske Emelie Forsberg sette ny
kvinnerekord med 41.03.

Overraskinga på
resultatlista finn vi i klasse 30-39 år for kvinner. På 2.plass her står namnet
Sonja Moen Ødegård, Team Imsdal, 56.41. Tek vi ikkje alldeles feil er denne
kvinna oppflaska i Velledalen, av Laila Moen og Ståle Petter Ødegård. Faren til
Sonja er Velledalen sin siste skihoppar. Hoppsporten i Velledalen døydde
faktisk ut den dagen Ståle Ødegård la opp.

Men 56.41 på Klauva Opp,
Ståle…… Det hadde vel vorte i tøffaste laget sjølv i dine glansdagar på
1970-talet, eller hadde du hatt ein sjanse..…?