Sommarens tristaste hending

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Aug 2017

jan Ove Standal t.h gratulerer rittvinner Sindre Buraas på toppen av Dalsnibba 10.juni 2017
10. juni var Jan Ove
Standal på plass i Geiranger og sykla Nibberittet. Som vanleg heldt han høgt
nivå. Klar vinnar av klasse 40-49 år med tida 1.05.59. Totalt nummer fire av
kring 300 utøvarar på sykkel.

- No ser eg fram mot veteran-NM i Bodø og
nordisk meisterskap i Randers i Danmark i juli, fortalde han på toppen av
Dalsnibba.

NM i Bodø gjekk fint. 8.juli
vart han Noregsmeister i temporittet i Bodø med tida 48.44. Næraste konkurrent,
Ola Østvold frå Asker, var to minutt og 35 sekund bak. Dagen etter stod 90 km
landevegsritt (fellesstart) på programmet. Her vart Jan Ove nummer tre, berre
fem sekund bak vinnaren Arvid Johannesen etter nær to og ein halv time på
sykkelsetet.

Nordisk Meisterskap i
Randers vart arrangert 29. og 30 juli. Det skulle kome til å gå utan Jan Ove
Standal. Dei fleste høyrde om ulukka på radioen tidleg om morgonen: Kollisjon
mellom syklist og bossbil i Stryn. Syklisten flogen til sjukehus i
luftambulanse. Dødsbodskapen kom som eit sjokk på mange.

Jan Ove Standal kom frå
Haram kommune på Sunnmøre. For nokre år sidan flytte han til Stryn og han
gjorde comeback som syklist etter nokre års pause. Han representerte no Stryn
Turn & IL, Sykkel. Som alle skjønar heldt han høg nasjonal og internasjonal
klasse innan veteransykling. Han var sympatisk som person. Blotta for store
ord, men imøtekomande og forteljande om han vart spurd.

Ein bauta i lokal
sykkelsport er borte – minna om han vil leve lenge.

Atle Hole