Saudehornet Opp: 1.17.48 på Ole Martin
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Aug 2017
arkivfoto
Saudehornet Rett Opp i
Ørsta samla 69 utøvarar i konkurranseklassa. Sju av desse var kvinner. Dette på
ein dag der dei færraste av dei «normale» ville lagt ut på ein slik tur. «Gåva»
frå dei som rår med vêret var nemleg regn og skodde. Men har ein meldt seg på,
så har ein gjort det.
Einaste sykkylving vi finn
på resultatlistene i konkurransedelen er FKS-spelaren, Ole Martin Korsnes.
Debutant så vidt vi veit. På førehand hadde VIL-Nett antyda 1.15.00, som ei god
tid for karen, og ganske nær der hadde han vore under gode forhold. 1.17.48 gav
ein heiderleg 13. plass i den klart hardaste klassa, 23-34 år.
Vi nemner til slutt at
EM-vinnar i motbakkeløp frå 2016, Johan Bugge frå Eidsvåg, greidde dei 5,5
kilometerane og dei 1300 høgdemeterane på ufattelege 51.41. Næraste konkurrent,
Erling Hisdal, IK Tjalve, brukte 56.35. Om vi tek med at beste sunnmøring,
Andreas Skylstad (godt etternamn) frå Norangdal IL, brukte 57.50 og beste
kvinne, Åse Iren Sætre, Ørsta IL, spenstige 1.06.02, har vi vel fått med det
viktigaste.
PS. Saudehornet Rett Opp
talde med i krinscupen i motbakkeløp, på same måten som Mefjellet Opp gjorde.
Ingen frå VIL ser ut til å satse på denne cupen som har pengepremiar til dei
beste i samandraget. Mefjellet Opp samla 68 i konkurranseklassa, Saudehornet
69.