Ingen «bomber» på skogsvegen Fet

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jul 2017

Velledalen IL sin meldar var på posten onsdag 26. juli klokka 21.00. Bortsett frå at ein nordmøring hadde snike seg inn på topp-5, er det lokale heltar som skriv seg inn på posten.
 Snittalderen til utøvarane på topp-5 må omtalast som vaksen, eller rettare sagt; godt vaksen. Nemleg solid over 70 år, med Margit Fet som den eldste på 88. Ho stiller mykje godt i same klasse som Kjellaug Ulset i Holemarka. Flott gjort av ein 88-åring og ha ork til å forsere dei ganske så bratte bakkane opp til posten 28 gonger hittil. Ingen under 40 år har ein tredjedel (!) av Margit sine turar hittil i 2017-sesongen. Somme vil sikkert kalle det eit tankekors.

Her er stoda:
263 turar: Grethe Ramstad Fet
260 turar: Odd-Kåre Fet
227 turar: Astrid L. Drabløs
41 turar: Alf Petter Bøe
28 turar: Margit Fet

Som ein ser er det høgt nivå i toppen. Odd-Kåre lurer i sivet berre tre turar bak kona Grethe, som er tittelforsvarar frå sist sesong. Ingenting avgjort her.