Sterke løp av Espen og Alf Petter
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jul 2017
Espen Strøm
Grebstad imponerte under Nibbeløpet i juni. No skulle han for fyrste gong
springe ein «flat» halvmaraton i varmt vêr. Og han imponerte igjen. Sprang som
ein garva veteran, kort og godt. Opningfarta fornuftig og han heldt distansen
fint. 17-åringen kom inn på 1.29.03, i eit løp der bestetida totalt var 1.22.
Dermed fortent premieplass (nr.4) av tolv utøvarar i klasse 17-34 år.
All muleg honnør til Espen – ein av svært
få tenåringar som spring slike distansar. Vi nemner at 83-åringen Per Gundersen
var eldstemann (trur vi) med sine 83 år – då byrjar vi nærme oss Konrad
Brunstad sitt nivå. Tek vi ikkje feil var han 88 år siste gongen han sprang
Ålesund halvmaraton.
Friidrettsleiaren
vår, Alf Petter Bøe, hadde mindre konkurranse i klasse 50-54 år. I langt over
tjue plussgrader er 1.26.13 sterkt av ein mann som om kort tid vert 50. Tida
heldt til klassesiger – og sjette beste tid på halvmaraton av langt over 50
påmelde. Alf Petter representerer Rindal IL.
Vi kjem
tilbake med meir frå «Honndalen – også foto – når ferien har sleppt litt tak.