Æresmedlem Magnar Fet fyller 90 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jul 2017

Magnar Fet kom til verda
15.juli 1927. Alt i barneåra stod idretten høgt i kurs på Fet. Mange gutar på
mest same alder, testa kvarandre rett som det var i ulike greiner. Krigen tok i
grove trekk konkurranse-idretten bort dei åra Magnar var tenåring. Men han kom
sterkt etter frigjeringa.

Allsidig.
  Då
stod han fram som eit idrettstalent. Han markerte seg som skihoppar,
fotballspelar, alpinist og løpar. Det var «nedabrautingane» som var
alpinsporten sine pionerar i Velledalen. Magnar var mellom desse. Og han er
framleis den skihopparen i Velledalen IL som har hoppa lengst ståande i
konkurranse. Det gjorde han under eit renn i Hornindal på 1950-talet med 53
meter. Som fotballspelar spela han for Velledalen IL, Sykkylven IL og VRF. At
han var rask til å springe gjorde han òg til ein dugande stafett-løpar.

I eit høve som dette finn eg det nok ein
gong rett å sitere min gode nabo, han Knut-Ole (Ole Arnold Larssen Hole). Han
vart ein gong spurd om kven han heldt som Velledalen IL sin beste utøvar i
etterkrigsåra. Då vart han still lenge, han tekte, og så kom svaret:


 -  Ej held enj knapp
på nå Magnar nej på Fet førdi han va so allsidige.

Finger med i spelet.
  Vi VEIT det ikkje, men mistenkjer at Magnar hadde ein finger med i
spelet då Margit Fet vart Velledalen IL sin fyrste kvinnelege bygdameister i
alpint i 1951. To år seinare (1953) vart nemleg Magnar gift med nettopp Margit
frå Jørngarden. Hittil kan såleis Magnar slå i bordet med 64 års ekteskap med
same kone, noko få andre i dalen – kanskje ingen - kan «matche».

Alpinsporten sin mann.
  Frå tidleg på 50-talet dreiv Magnar eigen
trevarefabrikk. Dette i mange år kombinert med gardsdrift. Likevel hadde han
tid og krefter til å ta seg av ungane som voks opp på Fet. I Velledalen IL vart
han alpinsporten sin mann, ei grein som skaut fart for alvor i Velledalen då
skitrekket i Ladalen kom på slutten av 1960-talet. Begge sønene, Ole Jostein og
Øyvind, var habile alpinistar, og dottera Eli Johanne kunne også køyre løyper.

Vi trur ho heilt sikkert
har kopiert mora og vorte bygdameister….. Magnar la ned ein stor innsats i VIL
både på 60- og 70-talet.

På vegne av Velledalen IL sine mange medlemar, ber vi med dette fram
eit 30X3 HURRA for Magnar Fet på 90 års dagen hans laurdag 15. juli.

For Velledalen IL

Atle Hole