27.54.19 på Emma og Christina i Hornindal

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jul 2017

Vi er i Grodås, sentrum i
Hornindal kommune. Ein kommune som i dag høyrer til Nordfjord, men som er på
veg over til Volda og Sunnmøre. Klokka er like før 08.00, laurdag 8.juli. Det
regnar, skodda ligg langt ned i fjella og temperaturen er fattige ti
varmegrader.

Nær 450 utøvarar har meldt
seg på denne galskapen. Det heiter ULTRALØP for dei som skal springe 75
kilometer langt. I tillegg skal dei innom 20 fjellpostar og legge bak seg 5600
høgdemeter på turen. For dei som berre skal 38 km heiter det FJELLØP. Desse har
målgang ved Horndøla Bru.

Startskotet smell ganske
så presis klokka 08.00. Eg ser Radka og Jan på veg ut av sentrum. Dei ser også
meg og ropar, hei Atle! Dei er i alle fall ved godt mot, tenkjer eg. Søstrene
Emma og Christina Holmberg ser eg ikkje i folkehavet.

Så går eg inn på hotellet
og kjøper meg frukost. Eg har god tid, for dette må nødvendigvis ta si tid.

Seinare på dag er eg ved
Horndøla Bru og tek mot dei beste. I fjelløpet vinn Andrè Haugsbø på 4.22.49.
Berre 45 sekund bak rekorden. Denne Haugsbø er ein mann Kjell Magnar lett slo i
august i fjor under Stranda Fjord Trail Race. Dei beste i Ultraløpet passerte
litt etter. Dei to beste herrane tok pause på sju minutt, beste dame berre
eitt. Vinnartida vart 10.07.26 på laurdag. I fjor brukte Kjell Magnar 10.31.05
då han vart nummer seks i NM. Folk flest er ikkje klar over for ein
overveldande prestasjon dette er. Same tid på laurdag ville gitt Kjell Magnar
3.plass, berre to og eit halvt minutt bak nummer to.

Neste post for min del var
dekning av Hellesyltløpet som starta klokka 15.00. Dermed fekk eg ikkje sett
Radka Vosicka, som passerte på 7.36.16. Sekundet bak kom Jan Rakottyai.
Glimrande prestasjonar av begge. Radka leia klasse K 35-39 år på alle
meldepostar fram til Horndøla Bru – der var ho nummer to. Truleg gav Radka og
Jan seg etter «halvt løp», då namna deira ikkje er å finne på seinare
meldepostar. Emma og Christina passerte Horndøla Bru på kring elleve og ein
halv time. Dei skulle eigentleg gå i mål der, men bestemte seg for å ta resten
av løypa.

Dei to jentene starta
altså frå Grodås sentrum laurdag klokka 08.00. Sundag klokka 11.54.19 gjekk dei
i mål i Honndalshallen på tida 27.54.19 – 27 timar, 54 minutt og 19 sekund - som dei to siste som fullførte. Emma og Christina
var mellom dei 170 som kom seg gjennom dette Ultraløpet. Dei var ute i over
eitt døgn. Emma Olin Holmberg var den einaste i klasse K 16-18 år som greidde
det. Christina vart nummer 15 i klasse 23-34 år. I dag prisar vi viljestyrken,
og innsatsen til Radka Vosicka, Jan Rakottyai, Emma og Christina Holmberg!

FLOTTE REPRESENTANTAR FOR
VELLEDALEN IL I HELGA!!

I Hornindal

Atle Hole