11 poeng på 11 kampar halvspelt for FKS

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jul 2017

Arkivfoto
4. divisjon er ein tøff
divisjon etter serieomlegginga.
 Etter 11 kampar (halvspelt serie) står FK Sykkylven
med 11 poeng.
 Laget har hatt problem med
å bikke dei jamne kampane i sin favør. Heile fem av elleve kampar har enda med
poengdeling. Berre to er vunne. Her kjem dei harde fakta etter halvspelt serie:

HEIME: 5
1-3-1 6-6 6
poeng

BORTE: 6 1-2-3
8-13 5 poeng

Som ein ser har laget
scora berre 14 mål. Åtte av desse er sett inn av Bengt Hole Alnes, som etter
halvspelt serie deler toppscorar-tittelen med Sondre Kjølsøy (SIF) og Frank
Tepuric (Bergsøy). Desse har scora seriemål hittil for FKS i fylgje Sunnmøre
Fotballkrets sin statistikk:

8 mål: Bengt Hole Alnes

2 mål: Sommarvikar Håkon
Hunnes Hansen

1 mål: Ole-Thomas Kulseth

1mål: Viktor Ystenes
Fauske

1 mål: Tobias Sagli

1 mål: Trygve Johan Erga
Furland

FKS sine beste
kortsamlarar så langt har vore Damian Cruz og Martin Lillebø Blindheim, begge
med tre gule kort.

FKS har med sine 11 poeng fire
lag bak seg på tabellen. Det er Rollon (10 poeng), Norborg (9), Emblem (8) og
Langevåg (7).

Det går mot ein spennande haust. Truleg
vert ikkje nedrykket klare før heilt mot slutten. At FKS er mellom kandidatane
betyr at det blir viktige kampar over heile fjøla til siste slutt. Litt
urovekkande at laget – bortsett frå Bengt – ser ut til å mangle angriparar med
målteft.