Norsk O-festival i gang på Oppdal

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2017

arkivfoto
Fin innsats første dag på
Oppdal av Velledalen IL sine tre på sprinten. Pernille fleska til med deltaking
i D 21 elite. Målet hennar var å finne alle postane og ikkje kome sist. Noko ho
greidde med glans. Sjå berre her:

D 21-elite: 2390 meter – 53 startande

39. Pernille Ibsen Lervåg 23.04 (snitt-tid pr km 9,39)

Også Merete hoppa opp eitt
steg på nivåstigen – frå C til B. Noko ho meistra med glans:

D 17 – B: 1750 meter – 19 deltakarar:

14. Merete Masdal 31.11

Mateusz heldt seg til det
trygge, og kom inn til fin tid og plassering:

H 17 – C: 1640 meter – 5 deltakarar:

4. Mateusz Balon 21.01

Strekk-tidene viser at
Merete har meir inne. Denne gongen vart det ein storbom som kosta henna fleire
plasseringar. Men då kan det vere godt å vite at ho var BEST i klassa på eit
anna strekk, og nest best på to.

Prima innsats av alle tre,
vi ventar i spenning på del to – langdistanse!