Løyperekord i Varden Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jun 2017

Arkivfoto
Varden Opp samla heile 144
fullførande løparar på tid sist laurdag. Tidlegare europameister i motbakkeløp,
Johan Bugge frå Eidsvåg IL, sette ny løyperekord med tida 40.02. Og det er fort
i ei løype som er åtte kilometer lang, har start to meter over havet og mål 775
meter over havnivå.

Best tid av sykkylvingane
hadde Per Inge Bjørnestad med 52.19 i klasse 45-49 år. Det heldt til ein sterk
3.plass i klassa. 17-åringen Espen Strøm
Grebstad gjorde eit nytt sterkt løp i klasse 17-22 år. Mot eldre og meir garva
konkurrentar vart det 6.plass på fine 54.19.

Klasse M 23-39 år talde
heile 47 fullførande deltakarar. Her gjorde vår slovakiske VIL-medlem, Jan
Rakottyai, eit flott løp med 1.04.20. Totalt plasserte han seg temmeleg midt i
feltet. Godt gjort av ein nybyrjar, som fekk 36. plass i den tøffaste klassa.

Olaf Einar Øien deltok i
klasse 70-74 år. Ikkje mange på hans alder deltek i slike tøffe løp. Olaf vart
denne gongen nummer to i klassa på 1.35.22.

Radka Vosicka gjorde eit
kjempeløp i Geiranger nyleg, og var ikkje stort ringare på Sula. Det vart 4.plass
i klasse 23-39 år. Slegen av to svenskar og ein frå storklubben Gular. Så dette
var ein ny sterk prestasjon av vår tsjekkiske venn, Radka Vosicka!

Her kan du lese Jan
Rakottyai sin rapport etter løpet:


I utgangspunktet var eg litt skeptisk å melde meg inni konkurranse klasse, men
siden det var ingen mosjon med tidtaking, var ikkje det nåke anna valg...


Det vart en fin dag opp Sula fjellet, sjøl om det regnet og blåst kald
vind på toppen.

Per Inge er flink å springe, så han såg ikkje eg igjen etter nåken meter fra
starten...

Radka sin tempo klarte eg å holde i ca 2 km, men etterpå begynte det å bli litt
tyngre, og avstanden økte meir og meir, og etter ca 4 km såg ikkje eg ho før i
målområdet..


Hadde liten drøm om å klare det under en time, men
det gikk ikkje idag..

Men det er vel heilt greit slik det er
 👍

Siste stigning blei beina stive og eg kom i mål etter 1 time og 4 minutt..


Er i grunn kjempefornøyd :)

Det går fortere løp etter løp og det er kjekt :)