Du greidde det, Olaf!!
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2017
Olaf Einar Øien er unik.
Ikkje berre i VIL-samanheng, men i
Nibbeløpet si totale historie. Høyr berre her:
Olaf var 51 år då nokre «galningar»
inne i Geiranger hadde funne at dei ville arrangere løp med start frå sjøkanten
og mål på toppen av Dalsnibba. På denne tida (1994) vart dette av mange sett på
som «det glade vanvidd». Noko det i ettertid har vist seg at det ikkje var.
Olaf, som då representerte
Sykkylven IL, kjende seg i god form og ville prøve. Han kom til mål utan
nemneverdige problem.
Dei fleste på hans alder ville kanskje
stoppa etter eitt løp, to, eller kanskje tre løp. Men Olaf har halde på. I 2013
vart han heidra for 20 løp av 20 moglege, saman med ei handfull andre.
I går, 10. juni 2017,
sprang Olaf sitt løp nummer 24 av 24 moglege. Den einaste som står att ved sida
hans er Ragnar Seljeset frå Hornindal. Mannen som fekk slag i ung alder og vart
funksjonshemma, men som etter iherdig trening har greidd det same som Olav i
Geiranger – rett nok med hjelp av eit trufast støtteapparat.
I 2018 vert Olaf Einar
Øien 75 år – faktisk ganske så få dagar før Nibbeløpet 2018. Vårt mest
brennande ynskje er at helsa skal spele på lag med Olaf, slik at han den
aktuelle junidagen får sitt 25 Nibbeløp av 25 moglege. At han også om eitt år
skal fortelje til oss:
- Einaste målet
mitt er å fullføre – og at han greier det!
Då skal det spanderast
kake i turistbygda. For eit dobbelt-jubileum av dimensjonar !!