Hurra for familien Mosby Nakken
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2017
Dei fleste kjenner Svein
Arne som ein gjennomtrena seiging. Den saka er grei. Sivert og Andreas har
fleire års røynsle frå Nibbeløpet Mini (mål ved Flydalsjuvet), så at dei var
påmelde i Nibbemarsjen 21 var ingen sensasjon. Men at Anita skulle gjennom same
pinsla, kom ikkje akkurat som venta.
Men dama frå det blide
Sørland greidde det – men det kosta. Hugs at dette er ikkje ein spasertur på 21
kilometer etter flat mark. Det blir som ein fjelltur til eit fjell på 1500
meter over havet, der du må halde på mange timar sidan distansen er 21
kilometer. Her finst ingen snarvegar. Rett nok er ikkje terrenget ulendt. «Stien»
er slett, men slikt brenn feitt, ein skal gå klar av gnagsår og andre
komplikasjonar. Ein styrer heller ikkje vêr og vind. Det er slik Vår Herre
eller Per-Gunnar Holmberg vil.
Svein Arne hadde ein god
dag i klasse 50-54 år, og sette ny personleg bestetid med 2.18.02. Det heldt
til plass nummer sju i ei klasse med 18 utøvarar. Mellom desse var Fridtjof
Fredriksen (SIL) på 2.22.59 og 10.plass.
Sivert og Andreas bles forbi mora om lag
halvvegs i Nibbemarsjen, men alle nådde det felles målet; toppen av Dalsnibba - i duskregn, skodde og opplett mot slutten.
Takka vere familien Nakken
vart deltakartalet som arrangøren opererer med frå mosjonsfesten i Geiranger
2017 på fine 564 deltakarar. Eller; 560 pluss familien Mosby Nakken
Hurra for pågangsmotet!!