Ole Martin raskast opp Koldabakken

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jun 2017

Med tida eitt minutt og 40
sekund tok Ole Martin Helland Korsnes ein trygg siger under Koldabakken Grand
Prix 1.pinsedag. Nærast kom 46-åringen Per Inge Bjørnestad på fine 1.48. Desse
var dei einaste som kom under to minutt, i eit løp som gjekk i ørlite regn,
10-12 plussgrader, og småglatt løype.

Koldabakken Grand Prix
hadde for fyrste gong internasjonal deltaking, i Radka Vosicka frå Tsjekkia og
Jan Rakottyai frå Slovakia, to utøvarar som sist helg gjorde det godt i «Molde
7 topper». Radka tok seg opp løypa på tida 2.04, som einaste kvinne.

Jan fekk tida 2.03, sekundet føre Svein Arne
Nekken. I yngste klasse trekte Andreas Nakken det lengste strået denne gongen
mot tvillingbroren, Sivert. 2.24 på Andreas, mot 2.32 på Sivert.

Medan yngste deltakar var
14 år, var eldste 74. All honnør til Olaf Einar Øien som tok seg opp dei bratte
bakkane på 3.25, seks dagar før han skal til Geiranger og gi deg i kast med
langt lengre bakkar. Til Geiranger laurdag 10.juni skal forresten mest alle
deltakarar i årets Koldabakken Grand Prix.

Funksjonær og mosjonsklasse:

Anita Mosby Nakken

Lene Katrine Hole

Liv Nordli Hole

Nils Terje Skylstad

Alf Petter Bøe

Atle Hole

Konkurranseklasse:

Olaf Einar Øien (70-74 år)
– 3.25

Svein Arne Nakken (50-54
år) 2.03

Per Inge Bjørnestad (45-49
år) – 1.48

Radka Vosicka (35-39 år) – 2.04 (beste kvinnetid)

Jan Rakottyai (35-39 år) –
2.02

Ole Martin Helland Korsnes (23-34 år) – 1.40 (dagens
beste)

Andreas Nakken (14-15 år) – 2.24

Sivert Nakken (14-15 år) – 2.32

Nok eit vellukka
arrangement opp Koldabakken av Velledalen IL. Løparane vart trakterte etter
alle kunstens reglar med både varm og kald drikke, nysteikte vaflar, premie til
alle og startnummer i lomma med 30 prosent rabatt i ei lokal sportsforretning.