To frå VIL mellom 3114 fullførande i Fornebuløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jun 2017
Fornebuløpet er mellom dei
store løpa. Den åttande utgåva samla 3114 fullførande, ein dundrande ny
deltakarrekord. Menyen er rikhaldig i løpet, med desse alternativa:
·
Spaserklasse 5/10
km
·
3 km
·
5km
·
10 km
Klart dei fleste gir seg i
kast med 10 km som er den gjævaste distansen. I klasse 23-39 år – der våre
karar deltok – var deltakartalet 476. Av denne hopen vart Njål nummer 24 på den
flotte tida 35.15. Tek vi ikkje feil, er dette same tid han hadde under
Sentrumsløpet tidlegare i år. Så får ekspertisen avgjere kva som er beste
prestasjonen. Anders vart nummer 137 i
klassa med tida 40.16.
Totalvinnar på 10 km vart
Jonas Lurås Hammer (31.41), Lørenskog FIL. Med andre ord ein klubbkamerat av «Brunstadekspressen».
PS: Om nokon har sakna stoff
om «Brunstadekspressen» siste tida, kan vi nemne at det skuldast eit lengre «serviceopphald»
av den litt krevjande sorten.