-Orientering skaper spreke mødre!
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mai 2017
Roger Andre Vanebo var yngst av tre gutar i familiereiret
på Brøvoll.
Vi tippar han har gode
minner om barndom- og ungdomstid i Velledalen. Med mange vener, og det vi likar
kalle sunne fritidsinteresser. Roger har mange kampar som angripar på VRF sitt
A-lag, og tek vi ikkje heilt feil, har han også sprunge Holmenkoll-stafett for
Velledalen IL. Han var ikkje alltid den som hesda inn flest mål, men han var i
alle fall den som «gjekk» høgast. Tvillaust, ville Øystein Fjørstad ha sagt.
For folk som skaffar seg utdanning kan Velledalen og
Sykkylven bli i minste laget
. Slik
hamna Roger i Kongsberg. Men han har alltid halde banda til barndommens dal
høgt, og med hytte i Ladalen må han kallast ein relativt trottig gjest.
Men at mannen sysla med orientering var det truleg
ikkje mange som visste.
Ikkje før han
hamna på deltakarlista til Sykkylven kommune sitt fyrste skikkelege o-løp. KM
mellomdistanse i samspel med Emblem IL, etter eit heilt nytt kart over området
Holenakken, laga av Gunnar Gytri, i regi av o-gruppa i Velledalen IL.
Eit jubileum i nær familie
var medverkande årsak til at Roger tok turen den
aktuelle helga. Før start hadde vi ein liten prat med Kongsberg O-lag sin
einaste representant i løpet.
- O-løp er bra for
helsa, ein positiv familieaktivitet, og noko ein kan drive uansett alder.
Dessutan er det ein aktivitet som skaper mange spreke mødre, seier Roger frå
sykkelsetet på veg opp til Myrdalen.
- Kongsberg O-lag,
er det eit stort lag?
- Ja, faktisk eitt
av dei store på austlandet. Neste gong de arrangerer løp kan eg prøve få med
meg ein bataljon oppover.
Det hadde vore noko,
Pernille, Merete Janne og Bernt Are!
Korleis gjekk det med han Roger…?
I klasse H 50 duellerte han med Lars Roger Lundanes,
far til verdsmeister (mange gonger) Olav. Resultatlista og strekktider viser at
det lenge var jamt mellom dei to. På 9.post var Kongsberg O-lag sitt håp 95
sekund bak.
Men så skjer det fatale. På strekket mellom
9. og 10. post brukar Roger 9.37 mot Lars Roger sine 3.13. Der rauk det Roger!
Ein real bom, eller kanskje var det berre litt terreng du ikkje har fått
studert frå selet til onkel Kallen og tante Ingrid. Men all honnør likevel. Du
var raskast mot slutten og enda heiderlege 7 minutt og 27 sekund bak.
Strekktidene viser at Roger Vanebo var
raskast på fem av strekka, Emblem IL sin utøvar på åtte, medan dei sprang på
sekundet likt mellom post 7 og 8.
Velkomen tilbake, Roger!
Og ta gjerne med deg
andre, men ikkje ein HEIL bataljon. La oss prøve med ein halv - i fyrste omgang.