Radka – tougher than the rest!

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mai 2017

Radka Vosicka er fersk som
konkurranseløpar. Hennar fyrste løp var Konradløpet 2016. Tida vart 21.39.
Konkurranseinstinktet i dama vakna og læringskurva skulle vise seg å bli bratt.
Sjølvpålagt bratt! Berre ei dryg veke seinare gjorde ho 1.52.31 under Ålesund
Halvmaraton, før ho kasta seg på det tøffe Nibbeløpet i juni. Her svaia ho
under målseglet på 2.48.22 - med ei
fartstid på seks veker som konkurranseløpar!!

Hornindal Rundt

Radka var som venta på
plass i Velledalen 1.mai 2017. Konradløpet gjekk i år unna på 19.46. Ho røpa
med det at dama har trena. Ned frå 21.39 til 19.46, seier oss at ho ikkje har
trena så reint lite heller.

I juni er friskusen påmeld i Nibberittet i
klasse 35-39 år. Der vil vi tru ny personleg bestetid er eit naturleg mål. Noko
ho heilt sikkert greier. Men den store bomba er fylgjande:

Radka står på lista over
dei 217 personane som pr. 24.mai har meldt seg på Hornindal Rundt. 20
fjellpostar, 75 kilometer og 5600 høgdemeter – eit løp som garantert vil rive i
kroppen fleire dagar etter det er over!!

Det hjelp kanskje, i alle
fall ørlite, at Jan Rakottyai – som sette slovakisk rekord på 20.38 under
Konradløpet i år – skal gjennom det same. Hittil er Jan og Radka dei einaste
frå Sykkylven som er påmelde, difor fell det naturleg med eit høglydt rop på VIL-Nett;

HIPP; HIPP HURRA FOR JAN OG RADKA – tougher than the rest in Sykkylven

!!