Smånytt frå den lokale sportsfronten
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mai 2017
·
Tredje løpet i
den lokale O-cupen samla 50 deltakarar i sentrum sist torsdag. Eit tal O-gruppa
er tilfreds med. Dagen før hadde Merete Masdal eit opplegg for speidarane.
·
Fredag 12.mai
klokka 20.00 hadde 24 utøvarar meldt seg på KM i orientering 21.mai. Dette
dreier seg om KM mellomdistanse arrangert etter det nye kartet over Myrdalen /
Holenakken i eit samarbeid mellom Emblem IL og Velledalen IL. Sidan sist
oppdatering har fylgjande utøvarar kome til frå VIL: Hilde Riksheim Tandstad,
Monica Hole Bjørneseth, Sivert Mosby Nakken, Andreas Mosby Nakken, Svein Arne
Nakken og Torje Hole Bjørneseth. I alt sensasjonelle 20 påmelde hittil!!
·
Mellom dei
påmelde finn vi ein utflytta velledaling, nemleg Roger Andre Vanebo i klasse
50+. Ein rimeleg sprek kar som sist haust sprang Oslo Halvmaraton, mellom anna
saman med barndomskompisen Jan Helge Myhre. Roger må reknast som lokalkjend på
Myrdalen, og vil såleis neppe rote seg vekk. Han stiller for Kongsberg O-lag.
Slike «gutter» likar vi!!
·
Tomasløpet vert
arrangert sundag 25.juni vert det meldt frå gruppene langrenn/friidrett.
Konkurranseklassa har start 13.00, mosjonistane litt før. Kjem meir om dette
seinare.
·
Jens Christian
Hole er startmann på Velledalen IL sitt lag i Holmenkollstafetten i morgon
(13.mai). Hilde Riksheim Tandstad har sjarmøretappen, medan Arild Kampenes får
æra av å føre pinnen i mål på anker-etappen. Trufaste klipper som Kjell Magnar
Berli, Sverre Gunnar Brunstad og Roger Malvin Hole er ute med skadar. Alle lag
som spring under 1.12.00 vert premiert i klasse A 1, noko laget vårt etter alle
solemerke vil greie. Les korleis det gjekk på nettsida!
·
FK Sykkylven er
stabile, det same er Bengt Hole Alnes. Bengt har ei nettkjenning på samvitet i
alle fire kampane, medan laget hans har sleppt inn eitt mål i kvar kamp – 3x1-1,
pluss 2-1 siger over Emblem sist. No fylgjer to bortekampar, før det vert naturgrasdebut
på Dalemyra 1.juni. Bolla jobbar fælt med ei «spraglete» bane.
·
Trimposten med
minst besøk siste åra, Høgsætra Fet, har fått ein ny mann i tet. Legg turen
innom posten og sjå kven som er i føringa. Posten på Holetindane er det diverre
uråd å nå i. Vonleg har trimboka det så bra den kan ha, dekt av eit tjukt lag
av snø. Sein vår i høgda!