Pernille imponerte i Eikenosen Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2017
GovêrsFOTO: Frå v: Pernille, Per Inge, Svein, Fridtjof og Ole Peder
Pernille Ibsen Lervåg vart dagens utøvar for VIL med ein sterk 3.plass i kvinneklassa, og best tid av vår kvartett, med tida 24.43. Føre henne på resultatlista var den sterke Gular-løparen, Ingrid Festø, og den sterke svensken Emma Johansson. Pernille slo ein så sterk løpar som Reese Bendiksen, og med normal klasseinndeling ville O-leiaren vore klassevinnar i klasse 35-39 år.
Som vanleg duellerte VIL sin Svein Arne Nakken og SIL sin Fridtjof Fredriksen tett. Men dette var motbakkeløp, og då er Svein seig. Denne gongen fekk han revansje for alle tapa i flate løyper mot Fridtjof. 26.53 på Svein var dessutan neste beste tid over 50 år. Fridtjof vart klokka inn sekundet bak.
Ole Peder Holmberg er ganske fersk som løpar, men er i klar framgang. 19.56 i Konradløpet vart til 30.06 i langt tyngre Eikenosa Opp. Men Ole Peder hadde eit tosifra tal løparar bak seg noko han skal vere nøgd med.
Olaf Einar Øien var eldste deltakar i løpet med sine 74 år. Rutinerte Olaf vart nest best av dei over 70 med tida 37.35
Best tid frå Sykkylven hadde Per Inge Bjørnestad (46) med 21.53. Det var den 8.beste tida totalt, men av dei over 40 år vart Per Inge berre slegen av Are Uran. Espen Strøm Grebstad likar best flatare lende, men motbakkeløp er god trening for ungguten. 17-åringen gjorde «innslaget» på 23.23.
Stor honnør til Radka Vosicka (Tsjekkia) og Jan Rakottyai (Slovakia) som begge sprang Konradløpet 1.mai og kasta seg på Eikenosa Opp nokre dagar seinare. Flott 6.plass, av i alt tolv damer, på Radka med tida 27.11 (med andre ord like bak Svein og Fridtjof). 36-åringen Jan, fekk tida 28.54. Og fekk med det revansje på Ole Peder frå Konradløpet. Då var han 40 sekund bak vår mann, denne gongen 72 sekund føre.
Radka og Jan står oppført utan klubbnamn – vi tek gjerne mot dei i Velledalen IL.
Nemnast må det også at Oddfrid Liaskar på 63 år gjennomførte i fin stil på tida 35.16. Ho er gift med Svein Liaskar, som velledalingar over 60 år kjenner frå barne- og ungdomsår i dalen. Både Oddfrid og Svein deltok i Konradløpet 2017!