Slovakia-Konrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2017
Etter at
Slovakia-Konrad samla 10 deltakarar i fjor, var målet at dette skulle doblast i
2017. Arrangement vart oppretta på Facebook og mange viste si interesse. Dei
siste dagane før løpet såg det nesten litt for lovande ut, men av erfaring veit
ein jo at det ikkje alltid er like lett å kave seg ut senga midt på natta.
Fleire sendte melding kvelden før og beklaga at dei av ulike grunnar ikkje
kunne delta, og etter løpet fekk eg også høyre at nokre hadde forsove seg – men
at dei veldig gjerne ville vere med neste år. Likevel sto heile 21
medisinstudentar og ein studentprest frå Sjømannskyrkja klare då startskotet
gjekk kl. 05.00!
Løypa var den same som tidlegare; 4,9 km på ein smal asfaltveg og i traktorspor
mellom jorder. Etter fleire dagar med kraftige nedbørsmengder vart det sett
stor pris på skyfri himmel og ein vakker soloppgang, sjølv om alt regnvêret
førte til at mange valde å vasse over bekken med vatn til låra for å komme
fortast mogleg til mål. Også i år var vi ein gjeng som danna ei trivelig
baktropp som var heilt einige om farta ikkje er viktig og at det er helse i
kvar meter. Og så fort målstreken var kryssa venta både bollar,
kanelsnurrar, frukt og kjekt til alle deltakarane.
Etter løpet
hausta Slovakia-Konrad mange gode ord, hyggelige tilbakemeldingar og
kommentarar om at dette var ei spesiell oppleving som heilt klart freista til
gjentaking!
Christina Holmberg