Konradløpet: Startnummeret er verdikupong
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Apr 2017
Friidrettsleiaren i Velledalen IL, Alf Petter Bøe, oppmodar folk om å
melde seg på årets Konradløp:
- Ja, det gjer eg .
Her får ein mykje for pengane. Deltakinga kostar 200 kroner for ein vaksen, men
er det nokon stad ein får mykje att for pengane er det under Konradløpet.
Og friidrettsleiaren,
nemner punkt etter punkt, dette kan han på rams.
·
Løpet er i seg
sjølv ei oppleving uansett fart.
·
Deltakarane får
gratis frukost.
·
Premieutdelinga
er langt meir enn ei premieutdeling med film og underhaldning
·
Fast premiering
etter 1 år (diplom), 3 år (sølvmedalje), 6 år (gullmedalje), 10 år (vase) og 15
år (plakett).
·
Premiering til ca.
25 prosent av deltakarane - trekte på startnummer.
·
Hovudpremien
(siste åra ein kvilestol) vert trekt mellom alle deltakarane.
·
Startnummeret er
ein verdikupong. På baksida kan du lese at du mot levering av startnummeret får
30 prosent rabatt (veil pris) på neste handel hos Sport 1/Focus Sport. 20
prosent på syklar.
- Eigentleg får du
betalt får å delta. Avtalen med Focus Sport gir rabattar du aldri ville fått på
eiga hand. Ein familie på fire personar kan tene tusenvis av kroner på
deltakinga, om ein gjer litt «tunge kjøp» på sportsfronten. Og dei fleste
familiar gjer det i løpet av eit år, sluttar Bøe.