Klar for O-cupen…. start torsdag 27.april!
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2017
O-gruppa i Velledalen IL prøver med torsdag som løpsdag for årets
O-cup, som vil bli avvikla i sentrum etter det flunkande nye sentrums-kartet.
Leiar i O-gruppa, Pernille Ibsen Lervåg, fortel at kartet kom på ganske
nøyaktig 10 000 kroner. Sykkylven vidaregåande skule og Sykkylven
speidargruppa har samla sponsa kartet med 3000 kroner.
- Resten tek vi frå
aktivitetsmidlane vi fekk frå O-forbundet, seier Pernille, som naturleg nok brenn
etter å kome i gang, og at vêret skal bli betre.
For O-gruppa er det
sjølvsagt spennande med nytt kart, ny stad og ny dag. Ein veit aldri heilt
korleis dette vert motteke. Gruppa hadde stor suksess med sundag som løpsdag i
2016, då arrangementa fann stad i Velledalen med grendahuset som base. Frå
sentrum er det kort veg til Emblem, og Emblem IL er som alle veit «O-Mekka» i
Møre og Romsdal.
O-starten i Sykkylven
sentrum får i alle høve eit internasjonalt snitt, då det er meldt at nokre
danskar vil prøve seg. Som vanleg er opplegget familievenleg. Ein vil kunne
finne utfordringar anten ein er ung eller vesentleg eldre. Starttidspunktet er
som før fleksibelt, truleg med toppa aktivitet rundt klokka 18.00
Ser du folk med det du vil kalle «merkeleg»
oppførsel i sentrum i morgon, KAN det vere ferske O-løparar i aksjon.
O-gruppa i Velledalen IL
ynskjer eit STORT VELKOMEN til alle