-Stikk Halvard, stikk!
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2017
Tenk deg at du er på Dalemyra på 1970-talet.
Rettare sagt etter sommaren 1971 (då bana vart opna).
Under storgrana, i det hjørnet av grusbana som låg nærast kiosken som no er
riven, der stod ekspertisa.
Mellom desse han Lars Erstad.
Sjølv ein framifrå midtstoppar berre nokre år
tidlegare. Plasseringssterk og med god luftstyrke, og akkurat rask nok til å
halde dei beste angriparane unna. For Lars kunne lese spelet og starta ofte
tidelen før angriparen.
Stod ein under STORGRANA
under ein VRF-kamp på 70-talet (etter 1971), var ein
garantert å høyre replikken: «Stikk Halvard, stikk!» dersom Halvard Erstad spela
ving. Og replikken vart framført av broren, Lars. Men Halvard likte slett ikkje
«å stikke», han hadde heilt andre eigenskapar: Halvard Erstad var ein slepen
teknikar med ein fintfølande venstrefot og ein temmeleg daud høgrefot. Han hadde
ein særdeles presise dødballfot og var sikrare enn dei fleste frå
straffemerket.
Mot slutten av kampane kunne Lars verte
noko oppgitt, og då lydde ropet gjerne slik:
- Halvaaard (stum
d), kan`kje du stikke då!
Kvar hadde Lars Erstad dette frå?
Jau, det herskar det liten
tvil om. Han hadde sikkert erfart det sjølv mot lag som hadde same type
spelarar, men i VRF var det Svein Welle som var mannen som kunne denne «kunsten»
framom alle andre. Når Svein fekk ballen under kontroll ute på kanten, søkte
han ofte kontakt med ein indreløper/midtbanespelar. I det same han spelte
ballen frå seg stakk han gjennom forsvaret, og gjorde indreløparen jobben sin
rett, kom Svein åleine med målmannen. Svein Welle var kjapp til beins i
glanstida, og var han gjennom var det få som tok han att. Og slik scora VRF
mange mål med Svein Welle som fargerik kantspelar – som regel høgre ving.
Etter eit slikt løp,
av og til nesten frå midtbana, måtte Svein «henge» litt på knea. Men i
dei periodane han var i form, vart det mange slike løp gjennom 90 minutt. «Bastian-Svein»,
eller Bajallo som han og vart kalla, var heilt klart ein av dei største
attraksjonane hos dei gul/svarte i deira beste år. At han aldri tok ut heile
potensialet sitt får så vere…… hadde han
gjort det, hadde han heller aldri tenestegjort i VRF, berre så det er sagt.
På vegne av Velledalen IL,
der Svein er
medlem, og alle andre som minnest «mannen som kunne kunsten å stikke»,
gratulerer vi med overstått 70 års dag!
Atle Jomar