Konradløpet: Ligg 80+ på vêret…..?
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Apr 2017
Men vi trur dei kjem. I
fjor deltok seks personar som var 80 år eller eldre. Om lag på snittet for dei
siste fem åra.
Det heiter seg at alle med
døypenamn Konrad (som føre-eller mellomnamn) har gratis deltaking. Det same har
alle som er 90 år eller eldre. Til denne tid er Tomas Tandstad åleine om å ha
vore i aksjon etter 90 år (gjekk i sitt 92.leveår då han sette aldersrekord).
Men vi har ei dame i Velledalen ved namn
Kjellaug Ulset. Ho har delteke i samtlege Konradløp og fekk 15 års premien i
2016. Kjellaug går no i sitt 90 år, og rykta seier ho stiller.
I så fall vil ho vere nest
eldste Konradløp-deltakar nokon sinne, og den eldste kvinna som har teke seg
rundt den 4,5 kilometer lange løypa. HURRA for Kjellaug!
Dette året er den slett
ingen grunn til «å ligge på vêret» for nokon som helst av oss. VIL sin
klubbmeteorolog, Per-Gunnar Holmberg, har nemleg for lang tid sidan meldt godvêr
under Konradløpa 2017. Og han plar sjeldan bomme.
PS: Men mannen med flest
maratonløp i kongeriket Noreg, Inge Asbjørn Haugen, han er komen på lista. Det
same har Kondis sin representant, Martin Hauge-Nilsen