Brunstadmann gjekk Trollski Maraton

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2017

Påskekonrad var arrangert
langfredag – kjemisk fritt for deltakarar og tilskodarar frå Brunstad.



 - 




 Kvar er dei, var
det ein som spurde, skal ikkje Brunstad liksom

 vere Velledalen sin «hovudstad»…?

Nok om det, folk med
sterke røter til Brunstad, har faktisk vore i aktivitet siste tida – på andre
hald. I alle fall Olav Brunstad, son til Ludvik, ein kar hårfint over sin
fyrste ungdom (60+), ein kar som likar lange skiturar.

Som fyrste utøvar frå Velledalen IL (er vi
ganske sikre på), har han gått lengste distansen i Trollski Maraton. Den er på
120 kilometer. Ja du las rett – 120 KILOMETER.

Slikt tek tid. I fylgje
meldaren vår brukte Olav like over 11 timar på turen. I same «gata» som
Kjell Magnar brukar under ultra-fjelløpet i Hornindal.

Rykta fortel at Olav mot
slutten av rennet fekk problem med arrangøren sine sperretider. Men han trygla
og ba og fekk halde fram. Han tok seg greitt til mål. Men sidan han hadde vore
litt seint ute, vart det jurymøte og litt «småkrusingar» på arrangørsida.

Men det heile enda godt. Juryen meinte
Olav sine 120 km i Trollski Maraton kunne stå på «eigne bein», og gav han
audiens på resultatlista. Og bra var det, for dette var Olav Brunstad sin 22. målgang i rennet. Noko berre ein mann i heile kongeriket har gjort etter han, nemleg Bjørn Gjerde - også han av 1955-modell

Velledalen IL gratulerer
Olav med lengste skituren med startnummer på brystet i Velledalen IL si
111-årige historie - Ikkje berre 1 tur, men 22!!