PåskeKonrad i strålande vêr.
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2017
Det var eit eksklusivt felt
friidrettsleiar, Alf Petter Bøe, sende av garde frå Brunstad – på sjølvaste
langfredag, presis klokka 10.00. Her deltok påskegjestar side om side med den
lokale gartnaren, småbrukaren og klubbmeteorologen. Her var studentar frå inn-
og utland, og folk med lang røynsle frå Postverket, frå den tida dei var store
og sett pris på.
Her er tidene og namna i uprioritert rekkefylgje
16.44: Oskar Johan
Kjellsbøl Hole – student Gjelleråsen
22.41: Christina Holmberg - student Slovakia
30.12: Tove Selnæs - postfunksjonnær Trondheim
16.21: Anders Wigdahl - forretningsrådgivar Oslo
20.34: Svein Arne Nakken - småbrukar og skulemann Straumgjerde
16.23: Espen Strøm
Grebstad – student Sykkylven
24.53: Per- Gunnar
Holmberg – gartnar, konsulent og klubbmeteorolog Velledalen.
Som vi ser; solide tider
over heile lina. Det må takast i betraktning at utøvarane var i alderen
nykonfirmerte – 60 år seinare i 2017. Tidene kan difor ikkje samanliknast!
Anders Wigdahl, som har
kost og losji i Olagarden på Hole i påska, vann på 16.21 mot 16.41 i
tilsvarande løp i fjor.
Espen Strøm Grebstad sette ny familierekord med
16.23. Broren Thomas hadde den gamle på 16.41.
Espen senka eiga bestetid frå 16.49 til 16.23 – sterkt! Oskar JK Hole
hadde 17.37 under PåskeKonrad 2016, ei tid han pressa ned til 16.44, berre tre
sekund bak det han leverte under hovudløpet i fjor.
Tove Selnæs trenar mot eit mål seinare i
sommar, og debuten i «konkurranse» mot klokka var lovande; Under gjeldande
Ordførarrekord for Konradløpet. Christina Holmberg , arrangør av SlovakiaKonrad
og ei dame med nase for stunt av ulike slag, dokumenterte solid form. Like eins
gartnaren vår som dei næraste månadane skal «springe beina av seg» i gartneriet
for å tilfredsstille kundane, og truleg duellere mot Ingunn Hunnes under
hovudløpet 1.mai.
Jaudå, Per-Gunnar er i
rute han, sjølv om han under PåskeKonrad let den råaste innspurten kvile. Det
gjer han neppe 1.mai. Og Gyls-Svein spring mellom lamming og andre gjeremål nær
sagt døgnet rundt og gjekk etter «sigande» ikkje for full maskin.
Uansett; vel sprunge alle
saman!
PS: Det vart sett ny
tilskodarrekord, då det for fyrste gong var fleire tilskodarar/funksjonærar enn
deltakarar under PåskeKonrad 2017. Også det verdt å ta med seg frå ein flott
dag!