«Friidrettsgutar» i form
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2017
VIL-Nett sin joggande
utsending slo fylgje med friidrettsleiar, Alf Petter Bøe, og medlem i
friidrettsgruppa, Anders Wigdahl, onsdag 12. april. Dei skulle ha ei såkalla
hardøkt på Ikornnes stadion, med tolv intervalldrag, kvar av dei på 400 meter.
Dagen var grå, men
opphaldsvêr og lite vind, gjorde at forholda likevel var gode. Fattige fire,
fem plussgrader i lufta. Og dei rådde Ikornnes stadion heilt åleine.
Etter ei god oppvarming,
skreid dei til verket. Dei fire fyrste 400 meters draga vart tidfesta til 83 sekund
– 81 – 88 – 88. Med 45 sekund pause mellom kvart drag. Karane sleit litt med å
finne «marsjfarta», men eit snitt på 85 sekund tilsvarar 3, 33-fart på
kilometeren for dei som syslar med trening og har interesse for detaljar.
Etter drag nummer fire var
det to minutt pause, før fire nye drag. Desse gjekk unna på:
86 sekund – 87 – 85 – 84.
Snitt på 85,5 sekund som vil seie ei kilometerfart på 3,35.
Så nye to minutt pause før
dei fire siste draga. Somme vil kanskje tru karane var peiste no….. desse må
tru opp att. Fyrrige som aldri før gjekk dei fire siste draga slik:
83 sekund – 81 – 80 – 75 (siste
på 70 for Anders sin del). Ei snittfart på 80 på runden, som vil seie 3.20-fart
på kilometeren for 50-åringen Alf Petter, og enno litt raskare for noko yngre
Anders.
Konklusjonen knappe tre
veker før Konradløpet: Karane i friidrettsgruppa i VIL held høgt nivå. Og tru
det eller ei; dei har ein litt skadeplaga Kjell Magnar Berli i bakhand.
Luktar det tre mann mellom
dei ti beste frå VIL friidrett sine tillitsvalde under årets Konradløp……???