Urke-tausa, Elisabeth, fyller 50!
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2017
arkivfoto
For heile Velledalen var
det eit tap då Elisabeth flytta. Eit stort tap! Og sjølv om Elisabeth ikkje har
verv i Velledalen IL i dag, er det heilt naturleg å ofre plass på henne på
nettsida. I respekt for den innsatsen ho gjorde.
Elisabeth hadde mellom
anna med medlemsinnkrevjing å gjere. Ho var ein framifrå «skattmeister». VIL
har aldri hatt så mange medlemar i løpet av levetida på 111 år, som dei åra Elisabeth
sat med ansvaret. Medlemsrekorden lyder på 231 betalande.
I fleire år tuska ho med
sal av Ullmax-klede. Ho var på plass på alle Førjulsmesser og la ned haugevis med
arbeidstimar. Med Elisabeth ved roret gjekk dette av seg sjølv (trudde i alle
fall vi andre). Gode inntekter, som i dag er borte, sidan vi ikkje fekk nokon
til å ta over etter Urke-tausa.
Vi treng ikkje skrive
nokon lang tale til Elisabeth Urke. Vi kan seie det kort og presist med
avtroppande VIL-leiar Atle Hole sine ord:
- Ei av dei klart beste
eg har hatt under mine vinger i mi tid i Velledalen IL
Ord å suge på for
jubilanten, både på 50 års dagen og i framtida!
Velledalen IL gratulerer!!