Ordførar Drotninghaug toar sine hender
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2017
Ordførar Drotninghaug
sukkar tungt. Hans dagar i lokalpolitikken kan vere talde ved neste lokalval.
Han er ikkje sikker. Seier han må på leit etter vitnemålet frå vidaregåande
skule.
Forslaget er lansert av Høgre-duoen Jan
Tore Sanner og Torbjørn Røe Isaksen – sistnemnde kunnskapsminister må vite.
Forslaget får etter alle solemerke fleirtal på Stortinget.
Vert det fleirtal, skal
nær-kunnskaps reforma gjelde frå 1. jauuar 2020. Men fortvil ikkje, det er lagt
opp slik at dei som ikkje har kunnskapen inne, kan skaffe seg den gjennom
intensiv-kurs i landet sine tolv største byar. Ei studieveke, etterfylgd av
eitt eksamensforsøk i kvar by.
Sanner og Røe Isaksen har
laga fylgjande døme:
«NN er kommunepolitikar i
Sykkylven og har 3 i karakter i samfunnsfag frå vidaregåande skule. Men sidan NN
har eit brennande ynskje om plass i Sykkylven kommunestyre må han løfte seg
fagleg. Han startar i Tromsø med studiar og eksamen. Får han ikkje 5 der, må
han vidare til Bodø. Same prosedyre der. Får han 4 eller svakare til
eksamen vert Trondheim neste stogg.
Dersom NN ikkje har fått 5 i samfunnsfag etter å ha vore innom alle tolv byane
i opplegget, vert vedkomande teken hand om av sensornemnda».
Der sit Sylvi Listhaug, Per Olaf Lundteigen og Torvald
Stoltenberg.
VIL-Nett har hatt ein
prat med Sylvi Listhaug etter oppmoding frå Odd Jostein Drotninghaug.
- Kva skjer med
denne NN om han ikkje maktar 5 i samfunnsfag i nokon av byane.
- Då vert
vedkomande sendt ut.
- Ut av landet..??
- Nei, sjølvsagt
ikkje – ut av politikken.
Ordførar Drotninghaug er ikkje nådig.
- Nær-kunnskap meg
her, og nær-kunnskap meg der, seier han nedlatande. Håper dette skal gjelde
også for rikspolitikarane.
Andre VIL-Nett har snakka
med er langt meir positive:
- Dette var på høg tid!
Faktisk noko eg har venta på,
seier AP sin Hans Petter Sørensen. Skal lærarar ha fire i
matematikk, er det eit rimeleg krav at lokalpolitikarar skal ha fem i
samfunnsfag, seier Sørensen.
- Har du kravet alt
inne?
- He,he – kanskje det
Høgre-politikar Petter Lyshol blæs i nase av heile
forslaget:
- Eg kan her og no
melde min avgang. Den tida eg dreiv med fotballdømming vanka det nokre 5-arar,
men her er det tydeleg at nokon manglar sunt bondevit. Personleg kjem eg i
neste fireårsbolk til å bruke all mi fritid på kyllingproduksjon på Lyshol.
Frittgåande kylling, så naboane er med dette åtvara.
Ordførar Drotninghaug
fryktar det noverande kommunestyret kjem til å «smuldre» opp.
- Dette kan vere
ein farleg veg å gå. Korleis vil det gå med den nye sentrumsskulen om
kommunestyret vert fylt opp av «kunnskapsbroilarar» over heile lina…?
- Ja, kva trur
ordføraren om det?
- Då kan skulen
fort gjort hamne oppe på Slettegjerde, uti Øggardsvikja eller inni Ramstaddalen.
Det florerer med rimelege tomter i utkantane. Og kjem Sp til meir makt kan
skulen fort gjort hamne høgt og fritt på Myrdalen. Folk med 6 i samfunnsfag går
for det, har eg høyrt. Der kan det på sikt slåast saman med Stranda.