HK-stafetten: Warholm spring for Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2017
Er kontaktnettet i orden
er det mykje som kan fiksast. Alf Petter Bøe spring for «stormakta» Rindal IL,
noko som nok har hjelpt han i denne saka. Det var ikkje rart at
fridrettsleiaren gliste lurt etter ein tur han hadde til Ulsteinvik nyleg:
- Eg visste dette
kunne gå før eg reiste, men er betryggande å ha underskrifta hans på papiret.
- Kva etappe er
tiltenkt Warholm?
- Det har vi vore
klare på heile tida. Skulle han springe for oss var det sjarmøretappen som var
aktuelt, altså den nest siste.
- Vert dette dyrt
for Velledalen IL?
- Nei, det ligg
ikkje økonomi i dette frå hans side. Dette er ei rein veneteneste.
Sjølv seier Karsten Warholm dette:
- Eg gir alt for
Velledalen IL denne dagen. Etter eg får pinnen i handa sjaltar eg ned, rusar «motoren
« til høgt turtal. I store deler av etappen held eg høg 400-meter fart, medan
eg inn mot veksling på litt stive bein, vil «flyte» inn på rutinen. Eg
garanterer at Velledalen IL skal ha beste etappetid på nest siste etappe
13.mai!
Om du er av dei som synest
friidrettsleiaren vår har sett ekstra lukkeleg ut siste dagane, veit du no
grunnen. AP Bøe fortel at laget på det næraste er klart, med berre to av dei 15
etappane som ledige. Habile løparar som er interesserte kan kontakte Alf Petter
på 901 62 279. Dette gjeld begge kjønn, då VIL stiller lag i klasse A1,
som er miksa lag med fleirtal menn. Friidrettsgruppa har ein konkurranse gåande
der folk kan tippe laget si sluttid.